HD hos gjeterhund

08.09.2011 | Skrevet av Arne Flatebø

Leiar i Gjetarhundrådet, Atle Arnesen, grunngjev i denne artikkelen gjetarhundrådet sitt vedtak om at kravet om kjend HD-status for gjetarhundrasane bør fjernast.

Hofteleddsdysplasi er ein sjukdom der det er stor variasjon i førekomsten mellom ulike hunderasar. Lytet har bakgrunn i både arv og miljø. HD kan påvisast ved å røntge hoftene til hundane. Røntgenbilda vert vurdert og delt inn i 5 HD-klassar; A-, B-, C-, D- og E-hofter. Det synest å vere stor semje om at hofter sett i A, B og C er funksjonelle, og at hundar med HD-diagnose som høyrer til eine av desse klassane kan fungere stort sett likt.

Det er viktig at hofteskål og -kule passar saman. Om det er misforhold her kan problem melde seg med brusk eller unormal slitasje. Dette er nok viktigare for funksjonen til hofteleddet enn kor djupe hofteskålene er.

Avlesingsresultatet kan bli påverka
Det seier seg sjølv at det ikkje er skarpe skilje mellom HD-formene. Og då vil det vere naturleg å tru at avlesingsresultatet kan bli påverka av; både bedøvinga, måten hunden er lagd på og skjønnet til den som vurderar bildet.

Lite HD-problem
Border collie har svært liten frekvens av dårlege hofter. Her i landet har berre 1,4% av dei røntga dyra frå denne rasen hatt sterk grad og 4,3% medels grad. Dette er gjennomsnitt for dei siste 26 åra, og frekvensen av HD har ikkje endra seg i nemnde tidsperiode. I gjetarhundavlen har seleksjonen vore hard – også i kravet til rørsle og det å vere uthaldande.

Låg arvegrad
Arvegrader kan reknast på ulike måtar. Hos border collie er det utrekningar som tyder på at den kan vere så høg som 0,3 – om registreringar og standardisering av miljøfaktorane er god. Stemmer dette ville i tilfelle berre 70% av variasjonen vi registrerer vere avgjort av ymse miljøfaktorar. Desse kan vere; tilhøve i fosterlivet, fôring, trening, fallskadar med meir. Men standardisering av miljøfaktorane er som vi veit vanskeleg. Endå til kompetansen knytt til klinikken som fotograferar, og skjønet til den som les av bildet, vil vere ein “miljøfaktor” i arvegradsutrekninga. Eigenskapar som i praksis har låg arvegrad, og ein populasjon med få dyr der denne lidinga også finst, gjer at det er avlsteoretisk krevjande å få positiv framgang. Om eigenskapen i tillegg ikkje representerar noko vesentleg problem, må det vere feil å gje han hovudfokus.

Mange gode hundar blir ikkje ferdigtrena
I den mannsalderen vi har statistikk frå har vi brukt millionar av kroner på HD-røntging. Verdien av dei framifrå gode gjetarhundane med C-hofter, som vi har ”parkert”, representerer kanskje ein endå høgare verdi? Og som nemnt er vi ikkje komne nokon veg. Kvifor ikkje? Først og fremst har nok dette bakgrunn i at avlen vår i svært stor grad er basert på import frå Storbritannia. Der er ikkje HD oppfatta til å vere noko dei treng bry seg med, og dei røntgar heller ikkje avlshundane. Dyra vi i gjetarhundmiljøet importerar set vi likevel ikkje i avl utan at dei er HD-frie. Men genane dei er berarar av med omsyn til HD veit vi elles lite om.

Den andre hovudfaktoren er at høvet mellom ideell, teoretisk arvegrad og samla miljøfaktorar som påverkar resultatet, i praksis er langt lågare enn den nemnde 0,3.

Løysinga ligg då i eit indekssystem
Gjetarhundrådet har drøfta arbeid vidare med å redusere frekvensen av medels og sterk HD-grad. Det trur vi er mogeleg. Men det vil vere eit langsiktig arbeid. Det krev at vi gjer eit sikrare utval for eigenskapen. Berre hunden sin fenotype – dvs. fri for HD – har vi 26 års dokumentasjon på ikkje er nok. Løysinga ligg då i eit indekssystem der opplysningar om slektningar/avkom i tillegg kjem inn. Helst burde vi nok slutte å nytte importerte hundar frå land som ikkje i avlsarbeidet sitt allereie har eit slikt indekssystem i avlen. I og med at importhundane vanlegvis er utan HD-slektsinformasjon vil dei i utgangspunktet verte sette på grunnivået i indekssystemet. Desse må då endre seg, frå dette låge nivået, etter som informasjonen og sikkerheita aukar. Systemet vil vere kostbart. Det krev og at vi røntgar ein langt større del av hundane.

Vedtaket i gjetarhundrådet
Gjetarhundrådet har konkludert med at å sette i verk slike tiltak for ein eigenskap med så låg frekvens av det som er oppfatta å vere lite funksjonelle hofter, og som sjeldan syner seg som problem hos arbeidshundane våre, står på ingen måte i forhold til det vi samla taper ved å gjere det. Vi ser og nærast bort frå at gjetarhundmiljøet i praksis ville akseptere eit slikt regime.

Gjetarhundrådet sitt avlsutval har tilrådd: NSG som raseklubb for border collie og working kelpie å arbeide for å oppheve avls- og registreringsrestriksjonane knytt til ”kjend HD-status”. Rådet har vidare vurdert saka slik at ho var kompleks av karakter og lite eigna til brei høyring i organisasjonen. Gjetarhundrådet legg såleis til grunn at ved føreståande reforhandling av samarbeidsavtalen mellom NSG og Norsk kennel klub vert avls- og registreringsrestriksjonane knytt til ”kjend HD-status” teken bort.

For Gjeterhundrådet
            Atle Arnesen